page view image

LANDRO OM FOSSE / NOKON KJEM TIL Å KOME

Karmøy kulturhus inviterer til føredrag om Nobels litteraturpris-vinnar Jon Fosse, og lesing av hans fyrste skodespel «Nokon kjem til å kome» av Scenekraft.

Informasjon
event image

LANDRO OM FOSSE / «NOKON KJEM TIL Å KOME»

Karmøy kulturhus inviterer til føredrag om Nobels litteraturpris-vinnar Jon Fosse, og lesing av hans fyrste skodespel «Nokon kjem til å kome» av Scenekraft.

Kulturjournalist og Fosse-spesialist Jan H. Landro vil halde eit føredrag om Jon Fosse, forfattaren og dramatikaren, og om prisen Fosse vart tildelt i 2023. Landro vil komme inn på Jon Fosse sin bakgrunn, som jo starta på Karmøy, og det vestlandske i diktinga. Han vil gå inn på særpreget i Fosse sitt språk og presentera tematikk som kjenneteiknar dramatikaren, og gi eit innblikk i Fosse sitt hovudverk, «Septologien». Landro vil vidare ta føre seg Fosse sin veg inn i teateret som starta med teaterstykket «Nokon kjem til å kome».

I andre del av seminaret vil teaterkompaniet Scenekraft stå for ei dramatisert lesing av «Nokon kjem til å kome». Stykket er eit slags trekantdrama, om eit par som flyttar til eit hus ved havet for å søke ro og fred, men som heile tida fryktar at nokon skal kome og øydelegge dette fine dei lengtar etter.

Arrangementet vert gjennomførd i samarbeid med Karmøy Dialekt- og Mållag og Scenekraft.


Føredrag: Jan H. Landro

Skodspelarar: Nina Sele, Øystein Kausrud og Håkon Karoliussen

Foto: Jan M. Lillebø / Agnete Brun


Jan H. Landro er fast frilansar for Dag og Tid. Han kjem frå Askøy, men har budd i Bergen dei siste femti åra. Han har studert tysk, engelsk og litteraturvitskap, og var i mange år kulturjournalist og kulturredaktør i Bergens Tidende. I 1994 fekk han Norsk kulturråds pris for framifrå kulturjournalistikk. Landro har gitt ut fleire bøker og hefter, og ei av dei siste bøkene har tittelen "Jon Fosse. Enkelt og djupt. Om romanane og forteljingane hans."

Scenekraft er et teaterkompani med base i Haugesund, og har som målsetting å skape prosjekter med kunstnere bosatt på Haugalandet. Scenekrafts visjon er å skape utøvende kunst med utgangspunkt i spenningspunktet mellom det konvensjonelle og ytterkantene i samfunnet, med historisk materiale som inspirasjon i arbeidet. Historien er vår kollektive bevissthet og vårt kollektive erfaringsgrunnlag og legger derfor sterke føringer både for samfunnet og enkeltmennesket av i dag. Den åpner et stort rom for identifikasjon, og avstanden i tid gjør de historiske fenomenene mer avklarte enn samtidsfenomenene. Slik gir historien oss en egen innfallsport til innlevelse i og forståelse for samtiden, like mye som fortiden.