KULTURSALONG: Førjulskonsert med rags & feathers
Velkommen til ein varm og magisk konsert som byr på både Cohen, julelåtar og eigen musikk av rags & feathers!
Torsdag 26. november tar rags & feathers turen til Åkra kulturhus og inviterer til førjulskonsert. Publikum kan vente seg ei varm og nær konsertoppleving, der musikarane byr på både julesongar og eige materiale. I tillegg lovar dei musikalske gjensyn med låtar frå det første albumet sitt, eit tolkningsalbum med musikk av Leonard Cohen.
Overgangen frå november til desember kan vere både kald, mørk og hustrig. Derfor lovar bandet ei varm og magisk stemning inne på kulturhuset, og eit pusterom i førjulsstria. Varmt velkommen!
Om rags & feathers
Folkbandet rags & feathers har henta namnet sitt frå Leonard Cohens vakre song «Suzanne». Bandet starta opp i 2016 og held til på Karmøy, men medlemmene har lang erfaring frå ulike band og prosjekt (Revehiet, Bekkefaret, Gadarene Wine, Lady Moscow) og har fleire utgivingar bak seg.
rags & feathers skriv eigen musikk, men den første utgivinga, «Sleepy Golden Storm», var eit tolkningsalbum med musikk av Leonard Cohen. Albumet blei svært godt motteke av kritikarane, som rosa det for det varme og nære uttrykket.
Dei siste åra har rags & feathers arbeidd med å spele inn plate nummer to, denne gongen med eige materiale. På det kommande albumet har bandet tatt utgangspunkt i dei musikalske erfaringane frå arbeidet med Cohen-tolkingane. Med andre ord er det nok ein gong duka for 70-talsinspirert americana med trestemte harmoniar, akkompagnert av eit varmt og levande lydbilde.
Sagt om rags & feathers
«Så vakkert at selv Cohen ville ha felt en tåre» – Tysvær Bygdeblad
«Magisk stemning» – Karmøynytt
«Dette bandet har en unik kjemi» – Haugaland-Nytt
Debutalbum: «Sleepy Golden Storm»
Utgivingsdato: 25. mai 2019, berre i fysisk format (vinyl + CD + bok).
Albumet «Sleepy Golden Storm» er resultatet av fire års arbeid. Det som starta med eit ønske om å samarbeide med Leonard Cohen, enda opp som eit tolkningsalbum der tolv av songane hans blei plukka frå kvarandre og varsamt sette saman igjen på ein verdig måte. Kvar enkelt låt er prega av det unike musikalske uttrykket til rags & feathers. Musikarane bevegar seg i eit dynamisk musikalsk landskap, der nye, folkemusikkinspirerte instrumentalparti blir bundne saman av dei flytande, 70-talsinspirerte harmoniane til tvillingane. Lyse stemmer som blir utfylte av den rustne og varme vokalen til Oddbjørn.
Dette er knappenålsmusikk. Musikarane er ikkje redde for å dempe uttrykket heilt ned, og songane balanserer mellom det nære og skjøre og det varme og stødige.
Albumet er arrangert og produsert med tanke på rom. Dette er sjølve nerven i albumet. Mellomrommet mellom kvart gitarslag, pausen mellom orda. Mykje av musikken ligg i det ein ikkje høyrer. Resultatet er eit fengslande, sjelfullt og annleis album. Ønsket er at musikken skal skape gjenklang hos lyttaren. At han skal nå hjartet og bli verande der.
«Sleepy Golden Storm» blei i første omgang berre gitt ut i fysisk format. Bokssettet inneheld gatefold-vinyl, CD og «The Journey», ei lita bok som fortel historia bak albumet.
Sagt om «Sleepy Golden Storm»
"For en herlig storm" - Tysvær Bygdeblad (Terningkast 6)
"Om du er Cohen-fan MÅ du ha denne i hylla di" - Kjerringrock
Rags & feathers er:
Kjersti Tingelstad (Vokal, fiolin og piano) - Rønnaug Tingelstad (Vokal, fiolin og piano) - Oddbjørn Austevik (Vokal, gitar og banjo)
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje.