Kultursalong - Økland, Økland & Lillesund

Forfattar Einar Økland blir intervjua av journalist Harald Dale på scena, medan duoen Vintertun med Torbjørn Økland og Halvor Lillesund bidrar med musikalske innslag.

page view image
Evenemangsdatum

torsdag 16 okt 2025 19:00

avslutas torsdag 16 okt 2025 21:00
Beställ

Tillgängliga artiklar

Økland, Økland & Lillesund
Økland, Økland & Lillesund - ledsager (bevis må framvisast)
event image

Evenemangsinformation

Vi får besøk av forfattar Einar Økland, og journalist Harald Dale skal i samtale med Økland gi oss eit innblikk i hans lange og komplekse forfattarskap.

I tillegg får vi besøk av ein annan Økland, gitarist Torbjørn Økland, som saman med trekkspelar Halvor Lillesund spelar i duoen Vintertun. Musikken er inspirert av staden Vintertun.


Einar Økland (f. 1940 i Valevåg, Sveio) er lyrikar, essayist, dramatikar og kritikar, og ein av dei viktigaste stemmene i moderne nynorsk litteratur. Han debuterte i 1963 med diktsamlinga Ein gul dag, og har sidan skapt ei omfattande og mangfaldig bokliste. Økland har hatt sentrale roller i norsk litteraturliv – som hovudkonsulent i Det Norske Samlaget, styremedlem i Forfattarforeininga og jurymedlem for Nordisk råds litteraturpris. Han har òg vore festspeldiktar både i Bergen (1992) og ved Dei nynorske festspela (2002).

I 2022 gav Halvor Lillesund og Torbjørn Økland, saman med Nils Økland, ut albumet Vintertun.
Musikken spring ut av stille augneblink – når du ventar, kviler eller drøymer.
Ei vandring gjennom natt, grålys og dag, varm og sterk, som trøyst og omsorg.
Vintertun vart til i små pausar mellom større prosjekt – og i 2026 kjem Vintertun 2.


Kultursalong gjennomføres i samarbeid med Karmøy folkebibliotek og Karmøy Dialekt- og Mållag. 

Kultursalong på Karmøy kulturhus er støtta av Norsk Kulturråd.

Taggar

einarøkland
torbjørnøkland
halvorlillesund
vintertun
haralddale
nynorsk
kultursalong
Arrangör
Karmøy kommune