Kultursalong - julekonsert med Aasmund og Åsmund

Snart tindrar stjerner i gnistrande klar desembernatt. Då byd Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad på jolekonsert.

page view image
Evenemangsdatum

torsdag 11 dec 2025 19:00

avslutas torsdag 11 dec 2025 20:30
Beställ

Tillgängliga artiklar

Julekonsert med Aasmund og Åsmund
LEDSAGER (bevis må framvisast)
event image

Evenemangsinformation

KULTURSALONG - julekonsert med Aasmund og Åsmund

Snart tindrar stjerner i gnistrande klar desembernatt. 

Då byd Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad på jolekonsert i duoformat.

Det blir perler frå salmeskatten og nyare verdslege jolesongar som lokkar fram lukten av granbar og eimen av jolebakst.

Det blir høgtid og fest, frå Elias Blix til Alf Prøysen samt ein sving innom jol i Vinje ved Tarjei Vesaas.

I meir enn 25 år har Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad gledd publikummet sitt med lun formidling, varm humor og speleglede! På scena er duoen noko for seg sjølv. Dei framførar viser og folketonar av ulike slag – vakre, morosame, stillferdige og fengjande. Nokon har kalla konsertane deira for ei musikalsk lukkepille.

Kultursalong er støtta av Kulturdirektoratet og gjennomførast i samarbeid med Karmøy folkebibliotek og Karmøy Dialekt- og mållag.

Taggar

jul
julekonsert
julestemning
Arrangör
Karmøy kommune