© TicketCo AS 2026.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Vi får besøk av krimforfattar Randi Fuglehaug og artist Marlen Tjøsvoll!
Randi Fuglehaug er forfattar og journalist, og har skrive bøker for både barn og vaksne. Saman med Anne Gunn Halvorsen står ho bak ungdomsromanserien Halve kongeriket, der den første boka, Arvingen, vart til Netflix-suksessen Royalteen i 2022. Bøkene hennar om Agnes Tveit – Fallesjuke (2020), Tonedød(2022) og Skallebank (2024) – er kritikarroste krimbøker frå heimbygda Voss. I 2025 gav Fuglehaug ut romanen Pent porselen. Handlinga er lagt til ein loppemarknad og tre ulike kvinner. Dette er ikkje ein krimroman, men ein loppemarknad kan definerast som ein av samfunnets mørkeste stadar i samfunnet vårt. Ein plass der høfleg oppførsel og gode manerer blir vekke.
Marlen Tjøsvoll frå Torvastad syng jazz inspirert av dei store jazzdivaene Billie Holiday, Ella Fitzgerald og Julie London. Med sin særeigne vibrato og djupe musikalitet framfører ho tradisjonelle standardlåtar med ein eigen signatur. Det var etter at ho studerte utøvande song ved Berklee College of Music at ho fekk sansen for å syngje jazz, og ho har sidan bevegd seg stadig djupare inn i jazzens verd. Marlen Tjøsvoll var i 2025 med på The Voice. Ho slepp debutalbumet sitt Song In My Head 15. mai.
Marlen kjem saman med gitarist James Girling, som er ein internasjonalt prisvinnande britisk gitarist.