© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Vi får besøk av forfattar Einar Økland, og journalist Harald Dale skal i samtale med Økland gi oss eit innblikk i hans lange og komplekse forfattarskap.
I tillegg får vi besøk av ein annan Økland, gitarist Torbjørn Økland, som saman med trekkspelar Halvor Lillesund spelar i duoen Vintertun. Musikken er inspirert av staden Vintertun.
Einar Økland (f. 1940 i Valevåg, Sveio) er lyrikar, essayist, dramatikar og kritikar, og ein av dei viktigaste stemmene i moderne nynorsk litteratur. Han debuterte i 1963 med diktsamlinga Ein gul dag, og har sidan skapt ei omfattande og mangfaldig bokliste. Økland har hatt sentrale roller i norsk litteraturliv – som hovudkonsulent i Det Norske Samlaget, styremedlem i Forfattarforeininga og jurymedlem for Nordisk råds litteraturpris. Han har òg vore festspeldiktar både i Bergen (1992) og ved Dei nynorske festspela (2002).
I 2022 gav Halvor Lillesund og Torbjørn Økland, saman med Nils Økland, ut albumet Vintertun.
Musikken spring ut av stille augneblink – når du ventar, kviler eller drøymer.
Ei vandring gjennom natt, grålys og dag, varm og sterk, som trøyst og omsorg.
Vintertun vart til i små pausar mellom større prosjekt – og i 2026 kjem Vintertun 2.
Kultursalong gjennomføres i samarbeid med Karmøy folkebibliotek og Karmøy Dialekt- og Mållag.
Kultursalong på Karmøy kulturhus er støtta av Norsk Kulturråd.