© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Aina Basso er ein norsk historikar og forfattar, som skriv historiske romanar der unge kvinner er hovudpersonar. Handlinga er henta frå 1600-, 1700- og 1800-talet. Basso er fødd på Giske i Møre og Romsdal, med kvensk bakgrunn på farssida. Ho skriv med eit lyrisk, originalt og presist språk, og får sagt mykje gjennom ei stilsikker og ordknapp form. Bøkene hennar er skrive med bakgrunn i kjelder frå faktiske forhold, der ho dreg nytte av utdanninga si som historikar og tidlegare arbeid med arkiv og historiske kjelder. Ho har jobba som frilansar sidan 2009, og har stadig oppdrag for Oslo byarkiv. Den siste boka, "Før det blir morgon", kom ut i 2025 og handlar om å vere ei ung jente i Noreg på 1700-talet. Den vart nominert til Uprisen for beste ungdomsbok. Journalist Jan H. Landro skal leie samtalen med Basso.
"Cantus Vitale" er eit lite kammerkor med base i Haugesund, som blei stifta i 2009 av Inge Lemvik, som på den tida var dirigent for flere store kor på Haugalandet. Lemvik valgte ut sangerar frå dei ulike kora sine og starta “Cantus Vitale” som betyr "Levende Sang". Sidan 2019 har Thorbjørn Hausken hatt dirigentvervet. Koret er innom de fleste sjangerar i sitt repertoar og vi går ut frå at dei på Karmøy kulturhus vil by på litt av kvart.
Gjennomførast i samarbeid med Karmøy folkebibliotek og Karmøy Dialekt- og Mållag, med tilskot grå Norsk Kulturråd.
Foto av Aina Basso: Oda Berby