KULTURSALONG: Gledeleg jul - med Randi & Britt-Synnøve

Britt-Synnøve Johansen og Randi Tytingvåg har i ei årrekkje vore to av dei fremste og mest profilerte artistane i regionen. I over 15 år har dei vore nære vener og samarbeidspartnarar på scena – dei har rett og slett blitt eit skikkeleg radarpar.

page view image
Event date

Thursday 10 Dec 2026 19:00

Ends Thursday 10 Dec 2026 20:30
order

Available items

KULTURSALONG: Gledeleg jul - med Randi & Britt-Synnøve
KULTURSALONG: Gledeleg jul - LEDSAGER (bevis må framvisast)
event image

Event information

Britt-Synnøve Johansen og Randi Tytingvåg har i ei årrekkje vore to av dei fremste og mest profilerte artistane i regionen. I over 15 år har dei vore nære vener og samarbeidspartnarar på scena – dei har rett og slett blitt eit skikkeleg radarpar.

«Gledeleg jul» er ein spesiell og nær julekonsert, der alt ligg til rette for den beste kontakten mellom scene og sal. Med leikande musikalitet, svingande rytmar og ein god dose sjarm skaper Britt-Synnøve og Randi ekte julestemning.

Dei syng norske julesongar i fin blanding med amerikanske klassikarar, og kanskje tek dei ein svipptur innom Sverige òg. Saman med den strålande pianisten Idar Hauge har dei laga sine eigne versjonar av kjende og kjære julesongar, i tillegg til nokre nye.

Dei kan love magisk stemning, tostemt song, allsong og god juleswing.

 

Waiver

Kjøpte billettar refunderast ikkje.

Tags

jul
julekonsert
Organizer
Karmøy kommune