KULTURSALONG - TID

TID er eit samarbeid mellom forfattar Lars Saabye Christensen og musikar og komponist Steinar Raknes – eit møte mellom ord og tonar, poesi og rytme.

page view image
Event date

Thursday 22 Oct 2026 19:00

Ends Thursday 22 Oct 2026 20:30
order

Available items

Kultursalong - TID
Kultursalong - TID / LEDSAGER (obs! bevis må framvisast!)
Kultursalong - TID / student/elev
event image

Event information

TID er eit samarbeid mellom forfattar Lars Saabye Christensen og musikar og komponist Steinar Raknes – eit møte mellom ord og tonar, poesi og rytme. Gjennom det siste året har Raknes og Christensen arbeidd saman om albumet TID, som blei gitt ut i september. Låtane krinsar rundt sjølve tida – den vi lever i, den vi får, den vi har igjen, og den kloden vår har igjen.

Velkommen til konsert der Raknes framfører låtane frå plata, medan Saabye Christensen les eigne tekstar. Saman improviserer dei og lèt ord og musikk vevast tett saman i eit unikt samspel.

Steinar Raknes (f. 1975) er ein av dei mest markante bassistane og vokalistane i landet, kjend frå den norske jazz- og roots-scena sidan 1990-talet. Han har samarbeidd med internasjonale storleikar som Chick Corea og norske stjerner som Unni Wilhelmsen og Tord Gustavsen. Som låtskrivar og songar i prosjektet Stillhouse har han utvikla eit uttrykk der americana møter improvisasjon og nordisk melankoli.

Lars Saabye Christensen (f. 1953) er ein av dei mest folkekjære forfattarane i Noreg. Han skriv på norsk, med handling frå Noreg, og har eit omfattande og prislønt forfattarskap bak seg. Saabye Christensen er kjend for det særprega språket sitt, den lune humoren og dei mange samarbeida sine med musikarar, der tekstane hans får nytt liv i samspel med musikk.

Kultursalong gjennomførast i samarbeid med Karmøy folkebibliotek og Karmøy Dialekt- og Mållag, og er støtta av Norsk Kulturråd og Rogaland fylkeskommune.

Waiver

Kjøpte billettar refunderast ikkje.

Organizer
Karmøy kommune