Maria Lavik på Litteraturbåten Epos i Skudeneshavn
Litteraturbåten Epos kjem til Skudeneshamn! Velkomen om bord på føredrag med Maria Lavik.
Information
Maria Lavik er aktuell med boka Odelsskam – å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar. Ho er journalist i Vårt land, og har tidlegare gitt ut boka Vi, dei fattige. Maria kjem frå Eksingedalen, men bur i Oslo. Som odelsjente har ho stått i valet om å ta over garden og halde på røtene heime, eller å bli verande i livet på Sagene i Oslo som ho sjølv har skapt seg.
Billettar: 100 kr.
På Epos finn du bokhandel, kaffi og godt lag. Velkomen!
Foto: Tove K. Breistein
Arrangementet er støtta av Kulturrådet.
Restrictions
Kjøpte billettar refunderast ikkje.