page view image

Kultursalong - krimprat og konsert

Vi får besøk av krimforfattar Randi Fuglehaug og artist Marlen Tjøsvoll!

Information
event image

Vi får besøk av krimforfattar Randi Fuglehaug og artist Marlen Tjøsvoll!

Randi Fuglehaug er forfattar og journalist, og har skrive bøker for både barn og vaksne. Saman med Anne Gunn Halvorsen står ho bak ungdomsromanserien Halve kongeriket, der den første boka, Arvingen, vart til Netflix-suksessen Royalteen i 2022. Bøkene hennar om Agnes Tveit – Fallesjuke (2020), Tonedød(2022) og Skallebank (2024) – er kritikarroste krimbøker frå heimbygda Voss. I 2025 gav Fuglehaug ut romanen Pent porselen. Handlinga er lagt til ein loppemarknad og tre ulike kvinner. Dette er ikkje ein krimroman, men ein loppemarknad kan definerast som ein av samfunnets mørkeste stadar i samfunnet vårt. Ein plass der høfleg oppførsel og gode manerer blir vekke. 

Marlen Tjøsvoll fra Torvastad studerte utøvande song ved Berklee College of Music, og var i 2025 med på The Voice. Ho slepp debutalbumet sitt Song In My Head 15. mai. 

Marlen kjem saman med gitarist James Girling, som er ein internasjonalt prisvinnande britisk gitarist.

krim litteratur bokbad jazz